Torsdag 23. februar er me på Nesbyen Hestesenter så heldige å få hovslager Odd Otterstad på besøk. Odd er utdanna frå Norsk Hovslagersenter og er einaste hovslager i Norge som har Mesterbrev i hovslagerfaget! Odd vil halda foredrag om m.a. trimming/skoing av hest og korleis ein kan sjekke om hovslageren gjer ein god jobb. Odd svarar gjerne på spørsmål. Alle som er interessert i hovar og hovstell er velkommen på foredrag 23. feb kl 19.00:-) Meld deg gjerne på slik at me veit omlag kor mange som kjem. Inngang kr 100,- inkl kaffi/te og kake.
Dei som har lyst å sjå hovstell i praksis kan møta kl 17.00, då skal Odd ta hovstell på ein hest her på Nesbyen Hestesenter.
